Verdas fyrste Ski & Sail i Hardanger

Statsraad Lehmkuhl, Ekstremsportveko og Hardanger Åtgaum ynskjer velkomen til verdas fyrste Ski & Sail i Hardanger frå 4. – 7. mai 2017. Felles for både Statsraad Lehmkuhl, Ekstremsportveko og Hardanger Åtgaum er at dei tilbyr uforgløymelege opplevingar der deltakarane får testa eigne grenser

Torsdag 4. mai i 2017 kan du ta med deg skia dine og mønstre om bord på Statsraad Lehmkuhl i Bergen. Skuta kastar loss med kurs mot Rosendal og deltakarane/medseglarane vil få entre opp i mastene og, dersom vinden tillet det, setje segl. Etter ei natt i hengekøye vaknar ein  fredagsmorgon i vakre Rosendal der skipet vil ligge for anker og set rammene for ei magisk maihelg i Hardanger. I Rosendal vert det dagaktivitetar i regi av Ekstremsportveko og Hardanger Åtgaum med guida toppturar, kiting, padling i Hardangefjorden og mykje meir. Kvar kveld vert avslutta med «Aftersea» om bord på Statsraad Lehmkuhl med dertil god mat og turvande drikke. Sundag 7. mai vender skuta kursen tilbake til Bergen.

Dette  kjem til å bli eit minne for livet for alle sjø- og ski entusiastar og me ser veldig fram til denne helga i mai, seier Haakon Vatle direktør for Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl,

Unik kombinasjon

120 heldige gjestar får oppleva det unike livet på fjorden kombinert med kvass skikøyring og fjordaktivitetar i ulike vanskegradar.

- Målet med arrangementet er å samla friluftsengasjerte personar til ei unik langhelg i Hardanger. Du treng korkje vera sjøulk eller frikøyrar for å delta, magien ligg i den store spennvidda i aktivitetane den vakre naturen har å by på seier medarrangør Sofie Torlei Olsen, daglig leiar i Ekstremsportveko.

 

Det beste fjellet, fonna og fjorden har å by på

Når ein skipar verdas fyrste Ski & Sail i Hardanger, var det naturleg å leggje aktivitetane til Rosendal, det alpine paradiset i Hardanger. Toppturentusiastar vil få bryna seg på  majestetiske toppar med over 1000 høgdemeter med stigning og flott nedskriing. Rosendalsalpane egnar seg også særs godt for luftsportsmiljøet med speedriderar.

-Ved å ha eit rikt og mangfaldig tilbod, vil det vera moglegheit til å utnytte potensiale i indrefileten av Hardanger til det fulle",uttalar dagleg leiar i Hardanger Åtgaum, AK Glück-Teigland, som saman med Ekstremsportveko står ansvarleg for aktivitetane på land.

Bestill billetter her

 

STIFTELSEN SEILSKIPET STATSRAAD LEHMKUHL, EKSTREMSPORTVEKO, HARDANGER ÅTGAUM

Kontakt:

Haakon Steinar Vatle, direktør Staatsraad Lehmkul. Tlf 975 37 984

AK Glück-Teigland, dagleg leiar Hardanger Åtgaum. Tlf 913 94 506

Sofie Torlei Olsen, dagleg leiar Ekstremsportveko. Tlf 975 37 358

 

 

 

NL 7809_2

Praktisk informasjon

BH CIMG0810

Program

Firmaet Bouvet på seilas med sine ansatte (copyright Bouvet)

Leie skipet?

Visste du at?
Kapteinens loggbok